Niscemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Niscemi er ein by og ein kommune i provinsen Caltanissetta i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 28 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 96 km².

Byen Niscemi ligg 332 meter over havet, 88 km søraust for provinshovudstaden Caltanissetta. Folk arbeider hovudsakleg i landbruksnæringa og med industri.

Staden vart grunnlagd i 1626. Under eit jordskjelv i 1693 vart byen mykje skadd, men vart etterpå bygd oppatt på same staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]