Niurka Montalvo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Niurka Montalvo


Statsborgarskap Cuba, Spania
Fødd 4. juni 1968 (55 år)
Havanna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996

Niurka Montalvo (fødd 4. juni 1968) er ein kubansk-spansk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Habana, som vart verdsmeister 1999 i lengdehopp då ho representerte Spania. Ho deltok også i tresteghopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Montalvo fekk sin internasjonale seniordebut 25 år gammal under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart. Her enda ho opp med fjerdeplassen i tresteghopp, ein centimeter bak bronsevinnar Iva Prandzjeva frå Bulgaria. Året etter sette Montalvo den 24. juni 1994 i heimbyen Habana personleg rekord i tresteg med eit hopp som målte 14,60 meter.

I mars 1995 vann Montalvo ein suveren siger i lengdehopp ved dei panamerikanske leikane i Mar del Plata med eit hopp på 6,89 m. Fleire månader seinare kneip ho sølvmedaljen ved friidretts-VM i Göteborg, med sitt bestehopp på 6,86 m enda ho 12 cm bakom gullvinnar Fiona May som representerte Italia, men 3 cm framom russiske Irina Musjailova.

Montalvo gifta seg spansk i 1999 og tevla sidan for Spania. Sommaren 1999 gjorde ho sitt livs beste lengdehopp då verdsmeisterskapen fann stad i Sevilla. Montalvo låg på andreplassen etter Fiona May gjennom dei fem fyrste omgangane. Før siste omgangen leia May med 6,94 m mot Montalvos 6,88 m. I den sjette og siste omgangen smelte Montalvo til med 7,06 meter, noko May ikkje makta tukte.

Montalvo stod over Sommar-OL 2000 i Sydney, etter som friidrettsforbundet på Cuba nekta henne å representere Spania. Året etter kneip ho bronsemedaljen i lengdetevlinga ved VM 2001 i Edmonton, klart slått av May og russiske Tatjana Kotova.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]