Noisy-le-Grand
Utsjånad
| Noisy-le-Grand | |
|---|---|
| Land Region Departement |
Frankrike Île-de-France Seine-Saint-Denis |
| Flatevidd | 12,95 km² |
| Flatevidd • By |
12,95 km² |
| Innbyggjarar • By (2005) - folketettleik |
61 300 4 734/km² |
| Koordinatar | 48°50′52″N 02°33′10″E / 48.84778°N 2.55278°E |
| Nettstad: www.ville-noisylegrand.fr | |
|
| |
Noisy-le-Grand er ein kommune i dei austlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 15,2 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus og like over 60 000 innbyggjarar.
Kommunen Noisy-le-Grand er ein del av sektoren Porte de Paris, ein av fire sektorar som utgjer den «nye byen» Marne-la-Vallée.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet Noisy kjem frå det mellomalderlatinske ordet nucetum , som tyder «valnøttlund», etter valnøttrea som voks i området i antikken (valnøtt på fransk er noyers).
Tilnamnet «le-Grand» (mellomalderlatinsk: Magnum), som tyder «den store» vart lagt til i mellomalderen, sannsynlegvis for å skilje byen frå den mindre busetnaden Noisy-le-Sec, som stundom vart kalla Nucenum Minus («Noisy den litle»).

