Nominalklassesemantikk i fulfulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fulfulde: nominalklassesemantikk. Det atlantiske språket fulfulde har 24 nominalklassar.

Alle dei 24 nominalklassane (nom.kl.) har ei relativt veldefinert prototypisk tyding, som vist i tabellen nedanfor. I kolonnen Fleire detaljar kan ein gå til artiklar som tek opp semantikken til dei einskilde klassane i detalj.

Nr. Nom.kl. Type Tal Prototypisk tyding Døme Fleire detaljar
1 O Grunnkl. Eintal Menneske gaynaako 'gjætar' Semantikken til O-klassen i fulfulde
2 ƁE Grunnkl. Fleirtal Menneske waynaaɓe 'gjætarar' Semantikken til ƁE-klassen i fulfulde
3 NDE Grunnkl. Eintal Liten, rund ting yeeraande 'egg' (eintal) Semantikken til NDE-klassen i fulfulde
4 NDU Grunnkl. Eintal Sylindrisk ting suudu 'hytte' Semantikken til NDU-klassen i fulfulde
5 NGE Grunnkl. Eintal Eld, sol, ku nagge 'ku' Semantikken til NGE-klassen i fulfulde
6 NGO Grunnkl. Eintal Lang, brei, flat ting leeso 'seng' Semantikken til NGO-klassen i fulfulde
7 KO (1) Grunnkl. Eintal Plante huɗo 'gras' Semantikken til KO(1)-klassen i fulfulde
8 NGAL Grunnkl. Eintal Tjukk stokk leggal 'stokk, ved' Semantikken til NGAL-klassen i fulfulde
9 NGOL Grunnkl. Eintal Lang, tynn ting ɓoggol 'tau' Semantikken til NGOL-klassen i fulfulde
10 KI Grunnkl. Eintal Tre lekki 'tre' Semantikken til KI-klassen i fulfulde
11 KOL Grunnkl. Eintal Kalv, ungdyr nyalahol 'kalv' Semantikken til KOL-klassen i fulfulde
12 ƊUM Grunnkl. Eintal Nøytrum, «noko» buuwirɗum 'sopekost' (noko til å sope med) Semantikken til ƊUM-klassen i fulfulde
13 NDI Grunnkl. Eintal Masse kuroori 'mjøl' Semantikken til NDI-klassen i fulfulde
14 NGU Grunnkl. Eintal Langt tidsrom; eigenskap nduuɓu 'år' Semantikken til NGU-klassen i fulfulde
15 KA Grunnkl. Eintal Abstrakt omgrep goonga 'sanning' Semantikken til KA-klassen i fulfulde
16 ƊAM Grunnkl. Eintal Væske, masse kosam 'mjølk' Semantikken til ƊAM-klassen i fulfulde
17 ƊE Grunnkl. Fleirtal Ting, dyr geeraaɗe 'egg' (fleirtal) Semantikken til ƊE-klassen i fulfulde
18 ƊI Grunnkl. Fleirtal Ting, dyr dawaaɗi 'hundar' Semantikken til ƊI-klassen i fulfulde
19 NGEL Diminutiv Eintal Noko lite gitel 'lite auga' Semantikken til NGEL-klassen i fulfulde
20 NGUM Diminutiv-pejorativ Eintal Noko lite og dårleg dawaangum 'liten fillehund' Semantikken til NGUM-klassen i fulfulde
21 KAL Diminutiv Eintal Lita mengd dihal 'litt vatn' Semantikken til KAL-klassen i fulfulde
22 KON Diminutiv Fleirtal Noko lite ndawaakon 'små hundar' Semantikken til KON-klassen i fulfulde
23 NGA Augmentativ Eintal Noko stort ndawaanga 'stor hund' Semantikken til NGA-klassen i fulfulde
24 KO (2) Augmentativ Fleirtal Noko stort ndawaako 'store hundar' Semantikken til KO(2)-klassen i fulfulde