Nominalklasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein nominalklasse er ei gruppe med substantiv som krev at særskilde ord (til dømes adjektiv) som står i ein særskilt syntaktisk relasjon (til dømes som predikativ eller attributt) til denne gruppa med substantiv har ei anna form enn når dei står i dei same syntaktiske relasjonane til ei anna gruppe med substantiv. Slike «grupper med substantiv» blir også kalla genus eller «grammatisk kjønn», men både nominalklasse og genus blir nytta på minst tre vis, som forklart nedanfor.

Tilhøvet mellom nominalklasse og genus[endre | endre wikiteksten]

Her er tre alternative definisjonar av nominalklasse og genus.

1. Nominalklasse = genus[endre | endre wikiteksten]

norrønt reknar vi med tre genus, av di mellom anna adjektiva har tre ulike eintalsformer – som stórr, stór, stórt i dømet under – avhengig av kva gruppe substantiv dei står til, om vi held kasus konstant:

  • stórr bátr 'stor båt'
  • stór bók 'stor bok'
  • stórt hús 'stort hus'

Desse tre genusa, som oftast blir kalla maskulinum/||hankjønn]] (stórr), femininum/hokjønn (stór) og nøytrum/inkjekjønn (stórt), kan òg kallast nominalklassar. Adjektivet har ulike suffiks i ulike genus/nominalklassar.

2. Nominalklasse i somme språk, genus i andre[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje uvanleg å seie at språk som norrønt har eit sett med tre genus, medan til dømes swahili har eit sett med nominalklassar. Då blir termen genus nytta når talet på «grupper med substantiv» er lite, oftast to eller tre, medan nominalklasse blir nytta når talet på «grupper med substantiv» er relativt stort, som i desse nominlfrasane frå swahili, der det fyrste ordet (kjernen) er eit substantiv, det andre eit adjektivet med stamma -kubwa 'stor' og det tredje eit determinativ som tyder 'denne/dette':

  • mtu mkubwa huyu 'dette store mennesket'
  • mti mkubwa huu 'dette store treet'
  • ua kubwa hili 'denne store blomen'
  • mahindi makubwa haya 'denne store maisen'
  • kisu kikubwa hiki 'denne store kniven'
  • tembo kubwa hii 'denne store elefanten'
  • ukuta ukubwa huu 'denne store veggen'

Adjekivet har ulike prefiks i ulike genus/nominalklassar. Ein finn ofte termen genus nytta i system som semantisk til ein viss grad er sexus-baserte.

3. Eintalsnominalklasse + fleirtalsnominalklasse = genus[endre | endre wikiteksten]

Ein tredje og relativt vanleg måte å bruke termen nominalklasse på, er å rekne både eintals- og fleirtals-nominalklassar, slik at norrønt då får seks nominalklassar:

  • Nominalklassar i eintal:
    • a stórr bátr 'stor båt'
    • b stór bók 'stor bok'
    • c stórt hús 'stort hus'
  • Nominalklassar i fleirtal:
    • d stórir bátar 'store båtar'
    • e stórar bǿkr 'store bøker'
    • f stór hús 'store hus'

Då kan eit genus definerast som ein kombinasjon av ein eintals-nominalklasse og ein fleirtals-nominalklasse som finst ved eit einskilt substantiv-leksem. BÁTR 'båt' har genuset a/d, BÓK 'bok' har genuset b/e og HÚS 'hus' genuset c/f. Denne måten å nytte termen nominalklasse på har fordelar i språk der eintals- og fleirtals-nominalklassar er kombinerte med kvarandre friare enn i norrønt. Jamfør til dømes fulfulde, som har om lag tjue eintals-nominalklassar og fem fleirtals-nominalklassar (med noko variasjon mellom dialektane), og der fleire av eintals-nominalklassane kan kombinerast med fleire fleirtals-nominalklassar, som i desse døma frå Maasina-dialekten:

  • Substantivet GAYNAAKO 'gjætar'
    • eintal: a gaynaako mawɗo oo 'den store gjætaren'
    • fleirtal: b waynaaɓe mawɓe ɓee 'dei store gjætarane'
  • Substantivet ANNOORA 'lys'
    • eintal: a annoora mawɗo oo 'det store lyset'
    • fleirtal: c annooraaji mawɗi ɗii 'dei store lysa'
  • Substantivet MBEEWA 'geit'
    • eintal: d mbeewa maŋŋga ngaa 'den store geita'
    • fleirtal: c be'i mawɗi ɗii 'dei store geitene'
  • Substantivet BOLOŊŊGA 'inngangshytte'
    • eintal: d boloŋŋga maŋŋga ngaa 'den store inngangshytta'
    • fleirtal: e bolooɗe mawɗe ɗee 'dei store inngangshyttene'

Her er to eintals-nominalklassar (a, d) og tre fleirtals-nominalklassar (b, c, e) illustrerte, og dei er kombinerte til fire genus: a/b, a/c, d/c og d/e.