Hopp til innhald

Norðurstreymoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norðurstreymoy
region
Prestegarden på Norðurstreymoy ligg ved Kvívíkar kirkja.
Foto: Eileen Sandá
Land  Færøyane

Norðurstreymoy (IPA[noːrstrɛimi]:, dansk: Nordstrømø) er ein landsdel på Færøyane. Den 1. januar 2016 hadde Norðurstreymoy 3 776 innbyggjarar, fordelt på 17 bygder.[1] Norðurstreymoy omfattar dei to nordlegaste tredjedelane av øya Streymoy. Norðurstreymoy vert avgrensa mot Suðurstreymoy mellom Kollafjørður og Kaldbaksfjørður i aust og mellom Skælingur og Norðradalur i vest.[2]

Administrative inndelingar[endre | endre wikiteksten]

Norðurstreymoy og Suðurstreymoy utgjer éin syssel i politi- og rettsvesenet. Sidan 2010 har Streymoy, Vágar og Sandoy syslar utgjort eigne rettskretsar, men eitt felles politidistrikt.[3]

Norðurstreymoy utgjer eit prestegjeld i Fólkakirkjan med soknekyrkjene Vestmanna, Kvívík, Kollafjørður, Hósvík, Hvalvík, Saksun, Haldarsvík og Tjørnuvík.[4] Den 1. januar 2015 var 89,7 % av folkesetnaden i prestegjeldet medlemmar av kyrkja.[5]

Mellom 1854 og 2008 utgjorde Norðurstreymoy ein valkrins til Lagtinget.

Norðurstreymoy er inndelt i kommunane Vestmanna, Kvívík og Sundini. Sundini omfattar òg bygder på Eysturoy. Bygdene ved Kollafjørður tilhøyrer hovudstadskommunen Tórshavn, som òg omfattar heile Suðurstreymoy.

I Færøyane sitt skipsregister høyrer Norðurstreymoy, unntatt Kollafjørður, til Vestmanna (VN).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fólkið skift á kyn, bygd/býur, ár og aldur» (på færøysk). Hagstova Føroya. Henta 7. oktober 2015. 
  2. Weitemeyer, Harald, red. (1904). «Sydstrømø Præstegæld». Kongeriget Danmark (på dansk) 5 (3 utg.). G.E.C. Gads Boghandel. s. 850–852. 
  3. «Nýggir sýslumenn settir» (på færøysk). Heimabeiti. 4. mai 2010. Arkivert frå originalen 11. april 2016. Henta 30. mars 2017. 
  4. «Prestagjøld» (på færøysk). Fólkakirkjan. Arkivert frå originalen 1. februar 2014. Henta 7. oktober 2015. 
  5. «Prestagjøld skift á øki, ár og eind» (på færøysk). Hagstova Føroya. Henta 7. oktober 2015.