Hopp til innhald

Nord-Trøndelag reinbeiteområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nord-Trøndelag reinbeiteområde er ein del av reindriftsforvaltningen i Noreg. Reinbeiteområdet omfattar delar av Sør-Fosen og Nord-Trøndelag fylke. Reinbeiteområde er leia av eit områdestyre med medlemmer oppnemnde av Fylkestinget og Sametinget.

I alt har Nord-Trøndelag reinbeiteområde eit beiteareal på 22 300 km², fordelt på 6 reinbeitdistrikt. Eitt av distrikta i Nord-Trøndelag har tilgang på sommarbeite i Sverige. To av distrikta har kystreindrift (Fovsen-Njaarke og Åarjel-Njaarke) og fire har fjellreindrift (Gaasken-Laante, Skæhkere, Låarte og Østre Namdal). Kystreindrifta har vinterbeita mot kysten, mens fjellreindrifta har alle sine årstidsbeite i innlandet.

Nord-Trøndelag reinbeiteområde grensar til Sør-Trøndelag og Hedmark reinbeiteområde og Nordland reinbeiteområde.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Reindriftsforvaltningen i Noreg - om reinbeiteområda