Fosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om regionen Fosen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fosen (fleirtyding).
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Fosen er ein region og eit tidlegare futedøme i Midt-Noreg som omfattar dei ytste kommunane på båe sidene av Trondheimsfjorden i Sør-Trøndelag fylke og heile Fosenhalvøya medrekna den delen som ligg i Nord-Trøndelag. Fosen utgjorde i høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av som eige futedøme under namnet Fosens fogderi.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unnatak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar.

Nyare regionsinndeling[endre | endre wikiteksten]

Fosenregionen[endre | endre wikiteksten]

I dei seinare åra har dei av kommunane på Fosen som ligg på Fosenhalvøya inngått eit regionalt kommunesamarbeid med to kommunar på Innherad i Nord-Trøndelag og definerer seg som regionen Fosen.

Sør-Fosen-regionen[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Regionen Sør-Fosen omfattar Frøya, Hitra, Snillfjord (...)

Orkdalsregionen[endre | endre wikiteksten]

Til Orkdalsregionen blir, saman med Meldal, Orkdal og Skaun, fosenkommunane Agdenes, Hemne og Snillfjord medrekna.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.