Nordaust-England
![]() Nordaust-England i England | |
Geografi | |
---|---|
Status | Region |
Areal | 14 165 km² |
Demografi | |
Folketal — Totalt — Folketettleik |
2 515 442 177,6 /km² |
BIN per innbyggjarar | £15 688 (9.) |
Styre | |
Adm. senter | Newcastle upon Tyne |
Nettstad |
Nordaust-England er ein av regionan i England. Det vert ofte kalla Northumbria.
Regionen hadde 4. november 2004 ei folkeavstemming om innføring av ei folkevald regionsforsamling. Dette vart avvist med stort fleirtal, noko som førte til at tilsvarnde avstemmingar i andre regionar vart utsett.
Regionen vart opphavleg definert som Northumberland, Tyne og Wear, Durham og Cleveland. Seinare har grevskapsforsamlinga i Tyne og Wear vorte avskaffa, Darlington har gått ut av grevskapet Durham og Cleveland har vorte delt i fire. Nordaust-England vert etter dette delt inn i fire uformelle underregionar: Durham, Northumberland, Tyne og Wear og Tees Valley.
|
![]() |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Nordøst-England» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2009.