Norddalen kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norddalen kraftverk er eit vasskraftverk i Norddalen i Narvik kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar fallet frå magasinet Lossivatnet som er regulert mellom 732 og 700 moh.

Det vert òg teke inn vatn frå to bekkeinntak og frå elva Sealggjohka.

Det er installert ein turbin på 8 MW. Middels årsproduksjon er på 32 GWh.

Vatnet frå kraftverket vert òg nytta i Skjomen kraftverk.

Eigar er Statkraft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 68°10′27.48″N 17°55′8.62″E