Hopp til innhald

Nordfjorden i Melfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Rødøy
Kart
Nordfjorden i Melfjorden
66°35′24″N 13°31′17″E / 66.59003806°N 13.52142306°E / 66.59003806; 13.52142306

Nordfjorden er ein fjordarm av Melfjorden i Rødøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 11 km nordaustover til Nordfjordbotnen nedanfor Svartisen.

Fjorden har innløp mellom Nordfjordneset i aust og Nordfjordnebba i vest. Bortsett frå gardsbruket Årnes på austsida ytst i fjorden er det ingen busetnader langs fjorden. Fjordsidene er barre og høge på begge sider av fjorden om lag 500-700 meter i ytre delar og vert så gradvis høgare og høgare innover i fjorden. Inst i fjorden stupar fjellsida frå ei høgd på 1179 meter over havet og nesten rett ned i fjorden. Nordfjordbreen på Svartisen ligg tett inntil stupet.