Nordhordland slagverkensemble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nordhordland Slagverkensemble er ei gruppe slagverkarar frå diverse skulekorps i Nordhordland. Dei øver ein gong i veka, i musikkhuset i Knarvik. Ensemblet vart skipa i 2005 og har vakse gradvis sidan. Leiar og dirigent for ensemblet er Hogne O. Holmås. Holmås er ein profilert slagverkar med diverse jobbar innanfor korpsmiljøet. Til dagleg spelar han i Forsvarets Musikkorps Vestlandet, der han har ein løytnantsgrad. Han grunnla ensemblet i lag med dei fem første medlemmane: Torgeir Andvik, Martin Furevik, Andreas Dyngen, Håkon Rongevær og Magnus Heir.

Desse fem drog til NM for solistar og ensemble i 2006 og tok førsteplassen i den yngste klassen. Suksessen førte til auka popularitet, og fleire spelejobbar. Førsteplassen førte også med seg fleire medlemssøknader, og medlemstalet har auka gradvis sidan. Ensemblet har spelt på bl.a. Brann Stadion, på lokale arrangement og på diverse samlingar for Norges Musikkorps Forbund.

I 2006 prøvde dei seg på NM igjen, men denne gongen i den eldste aldersbestemte gruppa. Det var den same gjengen som året før, men med ein til, Øyvind Øksnes. Denne gongen kom dei på 8. plass.

Ensemblet spelar mykje variert musikk. Ein del er skrive av dirigenten, og ein del av andre kjente artistar/komponistar. I tillegg til dei vanlege slagverksinstrumenta bruker gruppa melodiske instrument som xylofon, vibrafon og marimba.

Ensemblet har no 11 medlemmer og er delt opp i tre grupper etter alder. Dei vurderer å utvide til meir enn ei øving i veka.

[1]