Nordseter i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordseter med garden og busetnaden i Nyquistvegen i framgrunnen, 1962.
Foto: Ukjent / Oslo byarkiv

Nordseter er eit område i bydel Nordstrand i Oslo. Området er stort sett samanfallande med den tidlegare hovudeigedomen til Nordseter gard. Garden har òg gjeve namn til Nordseter skule som vart bygd sør i området 1968. Nordseter er òg namnet på grunnkrets 3106 i Oslo, men denne kretsen er mykje mindre enn den opphavlege eigedomen.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kart over bydelene i Oslo med grunnkretser» (PDF). Oslo kommune. Arkivert frå originalen (PDF) 3. april 2015. Henta 3. april 2015.