Normalspor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Normalspor definerer ein avstand, sporvidda, mellom dei to skjenestrengane på eit jarnbanespor, T-banespor eller trikkespor på 1435 millimeter, tilsvarande 4' 8 1/2". Spor med større sporvidd enn dette blir kalla breispor, medan spor med mindre sporvidd blir kalla smalspor. Tidlegare nytta ein i Noreg omgrepet bredspor òg om det som i dag blir kalla normalspor, fordi smalspora jernbanar lenge var det normale her i landet.

Normalspor er den mest brukte sporvidda i verda, spesielt i Nord-Amerika og Europa, med unnatak av Spania, Portugal, Irland, Finland og landa i det tidlegare Sovjetunionen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til denne standard sporvidda kjem frå George Stephenson då han bygde banen Stockton & Darlington Railway i England i 1825. Då brukte han ei breidde på 4' 8" fordi han var kjent med denne breidda frå gruvebanen «Willington Way» nær Newcastle. Seinare bygde Stephenson verdas første jernbane mellom Liverpool og Manchester, men då utvida han breidda med ein halv tomme, truleg for å gi litt meir spelerom for hjulflensane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]