Norman Blake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Norman Blake
Fødd10. mars 1938 (81 år)
FødestadChattanooga i Tennessee
FødenamnNorman L. Blake
OpphavUSA
AktivSidan 1954
SjangerBluegrass, folk, country
InstrumentGitar, mandolin, 6-strengsbanjo, fele, dobro, banjo, bratsj
Tilknytte artistarJohnny Cash, Kris Kristofferson
PlateselskapRounder, Flying Fish, Takoma, Shanachie, Red House, Plectrafone/Western Jubilee
Verka somMusikar, songar-låtskrivar

Norman Blake (fødd 10. mars 1938) er ein USA-amerikansk musikar som spelte ei rekkje strengeinstrument og skreiv songar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vore i militæret flytta Blake til Nashville og vart studiomusikar.[1] I ti år turnerte han og spelte inn musikk med Johnny Cash[2] og han fortsette å spele med Cash i periodar dei neste tretti åra.[3][4] Han vart spurt av Bob Dylan om å spele på countryfolkalbumet hans, Nashville Skyline, og vart så eit medlem av husbandet på TV-showet til Johnny Cash.[1] Kris Kristofferson, ein av gjestene på showet, fekk Blake med seg på turné. Balke spelte inn musikk med visesongaren Joan Baez og spelte på hitten hennar, «The Night They Drove Old Dixie Down».[2] I 1971 vart han medlem av bluegrassgruppa Aero-plain, leia av John Hartford, men bandet varte ikkje lenge.[1][2]

Blake spelte dobro i 1972 på albumet Will the Circle Be Unbroken av Nitty Gritty Dirt Band.[5]

I 1972 spelte Blake inn det første soloalbumet sitt, Back Home in Sulphur Springs (Rounder, 1972).[2] Kort tid etter debutplata hans, spelte han og kona Nancy inn det første albumet deira, The Fields of November (Flying Fish, 1974). Dei gifta seg i 1975 og spelte i lag i tjue år.[3][1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikkalbumet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Stambler, Irwin; Stambler, Lyndon (2001). Folk and blues : the encyclopedia (1 utg.). New York: St. Martin's Press. s. 34–35. ISBN 0312200579. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Wolff, Kurt. «Norman Blake | Biography & History | AllMusic». AllMusic. Henta 26 November 2016. 
  3. 3,0 3,1 «Norman & Nancy Blake - The old-fashioned way». No Depression. 31 December 2005. Henta 26 December 2016. 
  4. Stone, Steven (12. desember 2003). «Norman Blake». Vintage Guitar. Henta 26. november 2016. 
  5. «Will the Circle Be Unbroken: Credits». AllMusic. Henta 19. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]