Norman County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinghuset i Ada

Norman County er eit fylke i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Fylket ligg nordvest i delstaten og grensar i vest mot delstaten Nord-Dakota, der elva Red River dannar eit naturleg skilje. Norman har eit areal på 2 0790 km², 10 km² er dekt av vatn. Folketalet er i 2020 kring 6 500. Fylkesadministrasjonen held til i småbyen Ada.

Fylket vart grunnlagt i 1881. Ved folketeljinga 2000 vart 57,5% av ibuarane registrert som norskætta og 21,3% av tysk ætt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]