Norsk Astronautisk Forening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk Astronautisk Forening er ein organisasjon som har som si fremste oppgåve å spreia kunnskap om romfart og romrelatert verksemd i Noreg. Dette skjer mellom anna gjennom møter (i hovudsak i Oslo) og medlemsbladet Romfart, i tillegg til ei nyhendeteneste på papir og Internett.

Organisasjonen blei etablert av Erik Bergaust, Gunnar Oxaal og Thorstein Thelle 2. august 1951 under namnet «Norsk Interplanetarisk Selskap», men tre år seinare blei namnet endra til Norsk Astronautisk Forening.

Blant organisasjonens mest kjende leiarar var Erik Tandberg. Leiar i dag er Per Arne Marthinsen(2011).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]