Norskdidaktikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norskdidaktikk er fagdidaktikk for norskfaget. Såleis handlar norskdidaktikken om kva norskfaget går ut på, om kva som legitimerer norskfaget og om ulike framgangsmåtar i undervisninga og læringa i skulefaget norsk. Sidan norskdidaktikken femnar om heile norskfaget, vil der vere ei rad disiplinar som kjem inn: språkvitskap, litteraturvitskap, pragmatikk, tekstlære, skriftforming, lese- og skriveopplæring, drama, mediekunnskap, norsk som andrespråk og ikt.

Forsking og undervisning i norskdidaktikk er organisatorisk kopla til lærarutdanninga ved universitet og høgskular.

Gjennom lærarutdanningsprogram i nordisk har det på 2000-talet vorte oppretta fleire nye stillingar i norskdidaktikk ved universiteta.