Fagdidaktikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fagdidaktikk er alle dei refleksjonar ein kan knyte til eit fag og til undervisninga i dette faget. Som regel blir ordet brukt både om undervisningsteori og undervisningspraksis. Fagdidaktikken kan delast opp i tre emnespørsmål (dei didaktiske grunnspørsmåla):

  1. Kva? (Refleksjon kring kva faget dreier seg om, dvs. kva som er relevant i eit fag.)
  2. Kvifor? (Refleksjon kring kva som gjer faget relevant, dvs. kva som legitimerer faget.)
  3. Korleis? (Refleksjon kring måten faget kan lærast, undervisast i og vidareutviklast.)

I kontekstuell didaktikk, lyt ein òg spørje 4. kven ein underviser og 5. kvar ein underviser.

Ein anna tradisjonell modell er den didaktiske trekanten elev-lærar-fag: Utfallet av undervisninga er eit resultat av samspelet eller dialogen mellom elev og lærar om faget saka eller emne. Slike modellar er vidareutvikla til meir komplekse relasjonsmodellar for planlegging og vurdering av undervisninga. Her trekkjer ein inn alle dei viktigaste hovudelementa som bestemmer utfallet av læringsprosessen, t.d. elevføresetnadene, måla, allmenne rammefaktorane, arbeidsmåtane, innhaldet og vurderingane. Ein lærar kan då i forkant og i etterkant av undervisninga vurdere korleis desse heng i hop. Det er ein relasjon der alle desse elementa er gjensidig avhengig av kvarandre, slik at når éitt av elementa vert endra, så fører det endringar av alle dei andre samstundes. Ein kan skilje mellom didaktikk i vid og trong tyding av ordet: vid tyding tek med seg alle dei tre hovudelementa; den tronge tydinga dreier seg i hovudsak om målsetting og utval (kvifor og kva) og samanhengen mellom desse. I danningsdidaktikk avstår ein frå å tilrå metodiske val på generelt grunnlag, dette høyrer til lærarens sjølvstendige mandat, rett metode må ein velje ut frå kjennskap til elevane på bakgrunn av målsetting og stoffutvalet.

Ved at fagdidaktikken er tufta i einskildfag, t.d. gjennom norskdidaktikk og matematikkdidaktikk, skil han seg frå allmenn didaktikk og pedagogikk. I lærarutdanningane er fagdidaktikk eit obligatorisk emne innanfor alle skulefaga.

Som nemning i norsk språkbruk kom «fagdidaktikk» i bruk på 1970-talet, og termen var knytt til ei utviding av perspektiva frå fagmetodikken. Det var òg fyrst på 1970-talet at fagdidaktikken vart etablert som eige undervisningfelt og forskingsfelt, fyrst i Tyskland, så i Danmark, og etter kvart i Noreg. Sett i ein internasjonal samanheng, har norsk fagdidaktikk vore sterkt knytt til den tyske fagdidaktiske tradisjonen, bl.a. etter den tyske fagdidaktikaren Wolfgang Klafki.

Som forskingsfelt og som undervisningsemne utfordrar fagdidaktikken etablerte og statiske klassifikasjonar av kunnskapsfelt. Fagdidaktikken kan knytast til det tradisjonelle faget (t.d. nordisk eller matematikk) og til pedagogikk, men forskinga og aktivitetane i fagdidaktikken er likevel ulik og har sin eigenart. Det er ikkje tale om ein sum av kunnskap frå ulike felt, men om eit eige kunnskapsfelt. I engelskspråkleg litteratur kjem det fra gjennom framveksten av ulike utdanningsdisiplinar som «mother tongue education», «language education studies» og «educational studies in mathematics». Ein sentral teoretikar i den anglo-amerikanske pedagogikken har vore Lee Shulman som har argumentert for at lærarar utviklar ein eigen type fagkunnskap, såkalla pedagogisk innhaldskunnskap, som skil seg frå den akademiske eller disiplinære fagkunnskapen.

Litteratur:

  • Klafki, W. (1963). Studien zur Bildungstheorie und Didaktik. Weinheim, Julius Beltz.
  • Klafki, W. (1995). "Didactic analysis as the core of preparation of instruction." Journal of curriculum studies 25(1): 13-30.
  • Klafki, W. (1996/1985). Neue Studien zur Bildungstheorie und Didaktik. Zeitgemäße Allgemeinbildung und kritisch-konstruktive Didaktik. Weinheim, Beltz.
  • Shulman, L. S. and S. M. Wilson (2004). The wisdom of practice. Essays on teaching, learning, and learning to teach. San Francisco, Jossey-Bass.