Hopp til innhald

Norvagisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norvagisering vil seie å gje importerte lånord ei skriveform etter mønster frå norsk språk, som «teip» for «tape»[1] og «pønk» for «punk»[2].

Heilt tilbake til 1800-talet har det vore arbeidd aktivt for å norvagisere ulike lånord. På tidleg 1900-tal var det først og fremst lånord frå romanske språk som braut med norsk skriftmønster og som det var tenleg å norvagisere. Følgjande retningsliner vart følgde:

  • u → y (bureau → byrå)
  • qu → qv (qualificere → kvalifisere)
  • eau → å (bureau → byrå)
  • stum e forsvinn (ceremonie → seremoni)
  • eu → ø eller øy (chauffeur → sjåfør, neutral → nøytral)
  • ph → f (philosoph → filosof)
  • nasal n → ng (terrain → terreng)
  • ge, ch og j → sj (sergeant → sersjant, chauffeur → sjåfør, jaloux → sjalu))
  • c, q, x og z → s og/eller k etter uttalen (citron → sitron)

Eit alternativ til norvagisering kan vere tilnærma bokstavrett uttale av lånordet, som når engelsk «jungle» vert uttalt «jungel». Den norvagiserte skriveforma «djungel», som vart forsøkt introdusert i mellomkrigstida, har derfor ikkje fått gjennomslag i norsk. Eit døme på ein kombinasjon av norvagisering og avløysarord er det norske «girkasse», frå engelsk gear box.[3]

I dag er nordmenn flest så fortruleg med engelsk språk at dei reagerer negativt på norvagisering av engelske ord. Framlegg om norvagisering av ord som «guide» til «gaid»[4] og «service» til «sørvis»[5] har derfor fått lite gjennomslag. Derimot dominerer skriveforma «streit» over den engelske forma straight.[6].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]