Novene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Novene eller latin novena (hokjønnsform av novenus, 'niande’) er ein hovudsakleg katolsk skikk som går ut på at ein ber om noko særskild i ni bøner etter kvarandre. Ofte ber ein rosenkransbøn i samband med novene, men ein kan også be ulike bøner knytt til særskilde novener. Ein kan halda novene privat eller offentleg, som sorg, førebuing til ei høgtid eller bøn om noko anna. Ein kan be novena i løpet av ni dagar, eller ni gonger i løpet av ein dag. Det finst også seriar av novener som varer lengre. Ofte brenn ein eit særskild novenelys i samband med bøna.

Noveneskikken tek utgangspunkt i Apostelgjerningane (1:14) og kristen tradisjon, der det blir fortald at apostlane og jomfru Maria sat i stadig bøn frå Kristi himmelfart til pinsedag. Skikken med å be eller sørgja i ni dagar var også kjend frå samtidige heidne skikkar, til dømes som sørgjeritual blant romarar og grekarar. Den eldste kyrkjenovena er julenovena, der dei ni bønene minnar om dei ni månadane jomfru Maria var svanger med Jesusbarnet. Også pinsenovena som blir halden i ni dagar før pinse er sentral i den katolske kyrkja.

Ein kan elles be novene for å oppnå noko, til dømes å bli lækt eller for å bli kvitt problem. I nokre høve kan slike bøner dreia mot det mange kristne vil kalla overtru eller magi. Ein bruker også novenebøner og -lys Innan tradisjonar som hoodoo og voodoo.

I gresk og kristen tenking er talet ni elles rekna som knytt til menneskja og det uperfekte, samnanlikna med ti, numerus maximus, som er knytt til det perfekte og guddommelege. Ein knytte også talet til at Kristus døydde bedande i den niande timen, at den niande timen både i synagogen og i kyrkja var ein særskild bønetime (nones), og at ein utfører ulike handlingar som å seia kyrie, salmar og tekstar ni gonger i messer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]