Nuada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nuada

Tittelkonge av Tuatha Dé Danann
Identifisert medNodens, Lludd Llaw Eraint

Nuada Airgetlám (‘Nuada med sølvhanda’) var konge over Tuatha dé Danann i den keltiske gudelæra. Han svarar til den gamalkeltiske guden Nodens eller den kymriske guden Nudd eller Lludd Llaw Eraint.

Nuada rådde for danafolket i sju år før dei kom til Irland. Han mista armen sin under det første slaget ved Magh Tuireadh, i tvikamp med Sreng. Sreng vart nedkjempa av bandsmannen til Nuada, Aengaba av Noreg. I mellomtida vart Nuada vard av Dagda. Femti av hærfolka til Dagda bar Nuada frå slagvollen. Sreng baud at Nuada skulle slost med han i tvikamp att, men nekta å slost med ei hand bunden på ryggen, slik Nuada kravde. I staden fekk han fylket Connacht som vederlag.[1]

Etter at han mista armen sin, var ikkje Nuada skikka til å rå for danafolket, som etter tradisjonen kravde ein fysisk perfekt herskar. Han vart skift ut med Bres, som var halvt fomor, og gift med Brigit. Medan Bres rådde, kravde fomorane skatt av Tuatha dè, og danafolket vart misnøgde med vanstyret hans Bres. I mellomtida hadde Nuada fått ein sølvarm av smeden Creidne som vart sett på av lækjaren Dian Cecht. Sonen til Dian, Miach, gav han seinare ny arm og hand av kjøt og blod. Då dette vart ordna, vart Bres avsett, og Nuada rådde att i tjue år.[2]

Då freista Bres å ta att kongeveldet med makt, og bad Balor om hjelp. Slik byrja krigen mellom Tuatha dé Danann og fomorane. Dette vart ikkje løyst før Lugh synte seg. Nuada veik plassen for Lugh, og vart seinare drepen og halshoggen av Balor, i det andre slaget ved Magh Tuireadh. Lugh tok hemn ved å drepa Balor og leia Tuatha Dé til siger.[3]

Danafolket tok vare på sverdet hans Nuada, som alltid råka når det var drege av slira. Sverdet var ein av dei fire store skattane til Tuatha Dé Danann.[4]

Mytologiske parallellar[endre | endre wikiteksten]

Den gamalkeltiske Nodens vart ofte samanlikna med guden Mars. Elles er Nuada skyldt med Lludd Llaw Eraint, eller Lludd med sølvhanda, som er hugsa i Wales.[5] Motivet med den avhogne handa minner og om den norrøne guden Ty.[6]

Namnetyding[endre | endre wikiteksten]

Namnet Nuada er halden saman med ei keltisk rot, *noudont- som er knytt til det gamalgermanske verbet njota (J.R.R. Tolkien). Nodens var kjend for den hage handa si, og namnet kan hengje saman med ei gagnleg hand, nytta til jakt.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lebor Gabála Érenn §58, 60, 64 Arkivert 15 July 2010 ved Wayback Machine.; The First Battle of Mag Tuired §20, 48, 56 Arkivert 4. mai 2009 ved Wayback Machine.
  2. Lebor Gabála Érenn §64 Arkivert 15. juli 2010 ved Wayback Machine.; The Second Battle of Mag Tuired pp. 27–35 (Gray translation); Annals of the Four Masters M3304-3310; Geoffrey Keating, History of Ireland 1.9
  3. The Second Battle of Mag Tuired pp. 35–43, 61 (Gray translation); Annals of the Four Masters M3311-3330; Geoffrey Keating, History of Ireland 1.21
  4. The Second Battle of Mag Tuired p. 25 (Gray translation); The Four Treasures of the Tuatha Dé Danann Arkivert 20 February 2012 ved Wayback Machine.
  5. James Mackillop, Dictionary of Celtic Mythology, 1998, p. 266
  6. Mary Jones, "Nodens" Arkivert 13 July 2007 ved Wayback Machine., Jones' Celtic Encyclopedia Arkivert 8 June 2008 ved Wayback Machine.
  7. J. R. R. Tolkien, "The Name Nodens", Appendix to "Report on the excavation of the prehistoric, Roman and post-Roman site in Lydney Park, Gloucestershire", Reports of the Research Committee of the Society of Antiquaries of London, 1932