Balor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Balor er den grufulle leiaren for fomoire i keltisk, særleg irsk mytologi. Han blir ofte omtalt som ei kjempe. Det fremste kjenneteiknet hans var at han var éinaugd, og at han normalt heldt dette auget lukka fordi alle som møtte blikket hans døydde. Det giftige auget fekk han etter at han stirra på det magiske brygget til faren sine druidar.[1]

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Balor var son av Dot, son av Néit ifølgje Cath Maige Tuired (CMT),[2] men blir kalla Balor son av Buarainech i lista over kjende rath- og borgbyggjarar i Book of Leinster.[3][4]

Balor var gift med Cethlenn ifølgje Ogygia (1685) av Roderick O'Flaherty.[5] Cethlenn er nemnd ved namn i Lebor Gabála Érenn (LGE), men ikkje som kona til Balor.[6]

Ifølge ein spådom skulle Balor bli drepen av dotter- eller sonesonen sin. Han låste difor dottera si Ethlinn inn i eit tårn laga av krystall for å hindre at ho fekk born. Men Cian, ein av Tuatha de Danaan, kom seg med hjelp frå druidekvinna Birog inn i tårnet. Ethlinn fødde sonen deira, men Balor kasta guten i havet. Birog redda guten, og gav han til Cian, som fekk han fostra hjå broren Goban. Dottersonen til Balor fekk namnet Lugh Lamhfada, og vart rekna som ein av Tuatha de Danaan.

Lugh leia Tuatha de Danaan i det andre slaget ved Magh Tuireadh, der dei kjempa mot fomorane. Balor deltok sjølv i slaget, og vart avvæpna av Ogma. Han brukte blikket sitt til å drepe kong Nuada. Lugh sende då ein stein frå ei slynge i auget på Balor, og drap han.[7] I ein annan versjon kasta han eit spyd laga av handverksguden Goibniu i auget på Balor. Han kan også hogga hovudet av Balor, setja hovudet på ein staur og bruka krafta frå auget til å splitta stein.[8]

I nokre soger er Balor ein røvar eller sjørøvar som held til på Tory Island. Han stel mellom anna kua Glas Ghaibhleann frå eigaren Gaibhlín.[8]

Namn[endre | endre wikiteksten]

I tidlege tekstar blir han også kalla Balor Béimnech (Balor slagaren),[9] Balor Balcbéimnech (Balor den sterke slagaren),[10] Balor Birugderc (Balor med borauget),[11] Balor mac Doit meic Néid (Balor, son av Dot son av Nét)[2] og Balor ua Néit (Balor, soneson av Nét).[12]

Seinare former er Balor Béimeann[13] eller Balar Bemen (Ogygia, 1685),[5] og Balór na Súile Nimhe (Balor med det vonde auget).[9]

Balor i Dungeons & Dragons[endre | endre wikiteksten]

I fantasirollespelet Dungeons & Dragons er Balor namnet på ein av de sterkaste demonane, Tanar'ri. Karakteren har ingen openberr inspirasjon frå keltisk mytologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Balor | Celtic mythology», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 9. september 2021 
  2. 2,0 2,1 (Gray 1982) tr., The Second Battle of Moytura §128, red. CMT §128; (Stokes 1891, s. 96–97)
  3. O'Curry, Eugene (1873). «Lecture XIX The Rath builder and the Caiseal builder». On the Manners and Customs of the Ancient Irish 3. Williams and Norgate. s. 14–15. . Taken from Book of Leinster fol. 27v.
  4. d'Arbois de Jubainville, Marie Henri (1908), «Gaelic Folk-Tales and Mediæval Romances:Les dieux cornus gallo-romains dans la mythologie irlandaise», Revue Archéologique, Quatrième Série 11: 6–7, JSTOR 41019629 
  5. 5,0 5,1 O'Flaherty, Roderic (1793). «Part III, Chapter XII». Ogygia, or, A chronological account of Irish events 2. oms. av Rev. James Hely. s. 21–22. : "Kethlenda, the wife of Balar, gave Dagda.. a desperate wound from some missile weapon"; p. 23: "Lugad.. Mac Kethlenn, from is great grand-aunt, the wife of Balar".
  6. (Macalister 1941) red. oms. LGE ¶314, 124–125 (Cetlenn); ¶366, pp. 184–185; Poem LV, str. 32 on p. 237
  7. Leeming, David (2005). «Balor». The Oxford Companion to World Mythology (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-515669-0. doi:10.1093/acref/9780195156690.001.0001/acref-9780195156690-e-203. 
  8. 8,0 8,1 MacKillop, James (2004). «Balor». A Dictionary of Celtic Mythology (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-860967-4. doi:10.1093/acref/9780198609674.001.0001/acref-9780198609674-e-358. 
  9. 9,0 9,1 Ó hÓgáin, Dáithí (1991). Myth, Legend & Romance: An encyclopaedia of the Irish folk tradition. Prentice Hall. s. 43–45. ISBN 9780132759595. 
  10. (Macalister 1941) ed. tr. LGE ¶312, 118–121; ¶331–332, pp. 148–151; ¶364, pp. 180–181
  11. (Gray 1982) tr., The Second Battle of Moytura §133, ed. CMT §133; (Stokes 1891, s. 100–101), glossary p. 113
  12. (Gray 1982) tr., The Second Battle of Moytura §50, red. CMT §50; (Stokes 1891, s. 74–75)
  13. O'Donovan 1856, s. 18.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]