Nursultan Nazarbajev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nursultan Nazarbajev
Nursultan Nazarbayev (2020-03-10) (cropped).jpg
FøddНұрсұлтан Әбiшұлы Назарбаев
6. juli 1940 (81 år)
Üschqongyr
Statsborgar avKasakhstan
PartiSovjetunionens kommunistiske parti, People's Union of Kazakhstan Unity, Fedreland, Nur Otan
Yrkepolitikar, statsmann
EktefelleSara Nazarbajeva
BarnDarïğa Nazarbajeva, Dïnara Qulybajeva, Aliya Nazarbayeva
MedlemKasakhstans vitenskapsakademi
Politbyrået i Sovjetunionen
VervKasakhstan sin president 1990-2019
Føregangar(ingen)

Nursultan Abisjuly Nazarbajev (fødd 6. juli 1940) er ein kasakhstansk politikar, og president i Kasakhstan frå 1990 til 2019. I 2018 blei han utnemnd til leiar for Tryggingsrådet i Kasakhstan på livstid.[1]

Nursultan Nazarbajev vart fødd i ein bondefamilie i landsbyen Tsjemolgan i Alma-Ata oblast i sovjetrepublikken Kasakhstan. Han byrja å jobba for det sovjetiske kommunistpartiet i 1969 og i 1979 kom han med i sentralkomiteen i kommunistpartiet i Kasakhstan. I 1989 vart han førstesekretær for kommunistpartiet i Kasakhstan, og medlem av nasjonalforsamlinga i Sovjetunionen. I april 1990 vart han den første presidenten i Kasakhstan. 1. desember 1991 vart det for første gong halde direkte presidentval i Kasakhstan. Nazarbajev vann med 98,7 % av røystene, og leia Kasakhstan til sjølvstende då Sovjetunionen vart oppløyst seinare same månaden. 29. april 1995 vart presidentperioden hans utvida til 2000 ved folkeavrøysting. 10. januar 1999 vart det halde nye presidentval, denne gongen vann han med 79,8 % av røystene.

Som president i Kasakhstan har Nazarbajev ført ein balansert utanrikspolitikk og freista å oppretthalda gode forhold med både Russland og vesten. Han har opna Kasakhstan sine oljefelt for amerikanske oljeselskap, og har gjennomført ei viss økonomisk liberalisering. Politisk liberalisering har han gjennomført mindre av. Opposisjonen og pressa vert haldne under streng kontroll. Ifylgje Amnesty International har opposisjonspolitikarar vorte idømt fengselsstraff for fredeleg opposisjonsaktivitet.[2]

4. desember 2005 vart han vald som president for ein ny sjuårsperiode med 91,2 % av røystene. Valobservatørar frå Organisasjonen for Tryggleik og Samarbeid i Europa rekna ikkje valet som fritt og rettferdig, grunna trakassering og trugsmål mot opposisjonen og for strenge restriksjonar på opposisjonen sin valkamp.[3]

Nursultan Nazarbajev er gift med Sara Alpysovna Nazarbajeva og har tre døtrer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. July 2018, Aigerim Seisembayeva in Nation on 13 (13. juli 2018), «Kazakh President given right to head National Security Council for life», The Astana Times (på engelsk), henta 22. april 2021 
  2. «Kazakstan - Amnesty International», web.archive.org, 18. desember 2005, henta 22. april 2021 
  3. http://www.osce.org/odihr-elections/item_1_17236.html