Sovjetunionens kommunistiske parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå 1917 brukte dei russiske kommunistane Hammar og sigd som symbol

Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP), russisk Коммунистическая партия Советского Союза (Kommunistitsjeskaja partija Sovetskogo Sojuza - KPSS) var sjølve «moderpartiet» i den internasjonale kommunistrørsla fram til «polysentrismen» slo gjennom på 1960-talet, da maoismen og eurokommunismen på kvar sin kant stod fram som sjølvstendige retningar. (Frå før var trotskismen (etter Lev Trotskij) ei eiga retning i klar opposisjon til det stalinistiske sovjetiske kommunistpartiet, men utan eit internasjonalt sentrum. Likeins var titoismen oppstått ved brotet mellom den jugoslaviske kommunistleiaren Josip Broz Tito og sovjetleiaren Stalin, men den var knapt noka internasjonal retning.)

SUKP oppstod som ei fløy av det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet (RSDAP) i 1903, den såkalla bolsjevikfløya under leiing av Vladimir Lenin. Etter 1912 gjorde bolsjevikane seg stadig meir uavhengige av resten av partiet, og opererte i røynda i stor grad som eige parti, under namnet RSDAP(b).

Den 7. november 1917 tok bolsjevikane makta i hovudstaden Petrograd ved eit væpna kupp (oktoberrevolusjonen). Året etter skifta partiet namn til Det russiske kommunistpartiet (bolsjevikane), RKP (b). Den moderne kommunismen var fødd som eiga politisk retning. Alle parti som ville vere med i Den kommunistiske Internasjonalen som blei danna i 1919, måtte etter 1920 skifte namn og kalle seg "kommunistisk". Det var noko av det som var tungt å svelgje for fleirtalet i Det norske Arbeidarpartiet, som var medlem i Komintern til 1923, men ikkje skifta namn.

Etter borgar- og intervensjonskrigen, gjekk dei kommunistiske sovjetrepublikkane (den russiske, den kviterussiske, den ukrainske, osv.) saman i Sambandet av Sosialistiske Sovjet-Republikkar (SSSR/Sovjetunionen) i 1922. Frå da av kalla partiet seg Sovjetunionens Kommunistiske Parti (SUKP), på norsk òg kalla Det sovjetiske kommunistpartiet.

Dette partiet gjekk i oppløysing med staten det skapte, i 1991. Arvtakaren er Den Russiske Føderasjonens Kommunistiske Parti, KPRF. Dette partiet har tidvis hatt stor oppslutning i det etterkommunistiske Russland, då mange er blitt skuffa over utviklinga sidan Sovjetunionens fall.