Hopp til innhald

Nyangaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyangaelva
elv
Land  Kongo-Brazzaville,  Gabon
Kart
Nyangaelva
2°58′00″S 10°15′00″E / 2.9666666666667°S 10.25°E / -2.9666666666667; 10.25

Nyanga er ei elv i Gabon og Kongo-Brazzaville. Ho renn tvers gjennom den sørvestlege delen av begge landa, og munnar ut i Atlanterhavet 400 km sør for den gabonske hovudstaden Libreville. Delar av det øvre løpet dannar grensa mellom dei to landa.[1] Elva er den nest viktigaste i Gabon etter Ogooué.

Elva har kjelde ved grensa mellom Kongo-Brazzaville og Gabon, nær møtepunktet mellom dei gabonske provinsane Ngounié og Ogooué-Lolo. Ho renn sørover langs grensa og så sørvest gjennom Niari-provinsen i Kongo. Så renn ho inn i Nyanga-provinsen i Gabon og gjer ei krapp vending mot nordvest. Elva renn gjennom provinshovudstaden i Nyanga, Tchibanga, som er den største byen langs elva. Så vender ho gradvis mot sørvest att, og renn gjennom fleire stryk før ho når kystsletta og renn ut i Atlanterhavet. Rekkja av stryk bryt opp eit elles jamt løp.[2]

  1. Loungou, Serge (1999). «La frontière nord du Gabon : une brève étude de géographie politique». Espace Populations Sociétés (på fransk) (3): 439–449. Henta 7. januar 2021. 
  2. Scheffel, Richard L.; Wernet, Susan J., red. (1980). Natural Wonders of the World. United States of America: Reader's Digest Association, Inc. s. 271. ISBN 0-89577-087-3.