Nærings- og handelsdepartementet
Nærings- og handelsdepartementet skulle skape rammevilkår som styrkjer konkurranseevna i næringslivet, legge til rette for lønsam næringsverksemd basert på ny teknologi, kunnskap og menneskelege ressursar, sikre størst mogleg innverknad i og inngrep med EU til beste for norsk verdiskaping samt stimulere til auka utviklingsaktivitet og auka omstillingsevne i bedriftene.
Eigarskapsavdelinga i Nærings- og handelsdepartementet forvaltar statens eigardelar i rundt 80 kommersielle selskap.
Departementet vart lagt ned frå 1. januar 2014 da det vart slått saman med det tidlegare Fiskeri- og kystdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Nærings- og handelsdepartementet har røter tilbake til 1846 med Departementet for det Indre. Dagens struktur vart til frå 1. januar 1997.
Tidlegare departement med ansvar for næringssaker:
- Industridepartementet frå 6. desember 1947 til 31. desember 1988
- Næringsdepartementet frå 1. januar 1989 til 31. desember 1992
- Nærings- og energidepartementet frå 1. januar 1993 til 31. desember 1996
Politisk leiing
[endre | endre wikiteksten]Trond Giske (Arbeidarpartiet) er frå 20. oktober 2009 statsråd og sjef for Nærings- og handelsdepartementet. Han blir støtta av tre Statssekretærar og ein politisk rådgjevar.
Underlagde etatar
[endre | endre wikiteksten]- Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard - Statens sentrale fagetat for forvalting og utnytting av mineralressursar.
- Brønnøysundregistra - Ansvarleg for ei rekke nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet.
- Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK) - Det sentrale statlege organet for garanti-stilling og kredittforsikring av eksportkredittar.
- Justervesenet - Ansvar for at Noreg har ein måleteknisk infrastruktur med nasjonal og internasjonal tillit.
- Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) - Produserer kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmasser og grunnvatn.
- Norsk Akkreditering - Utfører teknisk akkreditering og inspeksjon i samsvar med OECD sitt regelverk om god laboratoriepraksis.
- Norsk Romsenter (NRS) - Skal bidra til å skape vekst for norsk høgteknologisk industri knytt til internasjonal romverksemd.
- Patentstyret - Styret for det industrielle rettsvern. Skal hjelpe norsk næringsliv med å styrke verksemda sin gjennom kunnskap om industrielle rettar.
- Sjøfartsdirektoratet - Har som overordna mål å oppnå høg sikkerheit for liv, helse, fartøy og miljø.
- Skipsregistra - Bidrar til offentleg kontroll av registrerte skip og deira eigartilhøve.