Trond Giske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trond Giske
none Trond Giske i 2010
Trond Giske i 2010
Fødd 7. november 1966 (51 år)

Trondheim i Trøndelag

Nasjonalitet Flag of Norway.svg Noreg
Yrke Politikar
1. verv Nestleiar i Arbeidarpartiet
 - periode 2015–2018
 - føregjengar Helga Pedersen
2. verv Norsk næringsminister
 - periode 20. oktober 2009– 16. oktober 2013
 - regjering Stoltenberg II
 - føregjengar Sylvia Brustad
 - etterfylgjar Monica Mæland
3. verv Norsk kultur- og kyrkjeminister
 - periode 17. oktober 2005– 20. oktober 2009
 - regjering Stoltenberg II
 - føregjengar Valgerd Svarstad Haugland
 - etterfylgjar Anniken Huitfeldt
4. verv Norsk kyrkje-, utdannings- og forskingsminister
 - periode 17. mars 2000– 19. oktober 2001
 - regjering Stoltenberg I
 - føregjengar Jon Lilletun
 - etterfylgjar Kristin Clemet

 

Sambuar Haddy Njie
Far Bjørn Giske
Mor Norunn Illevold Giske
Wikimedia Commons: Trond Giske

Trond Giske (fødd 7. november 1966 i Trondheim) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han har representert Sør-TrøndelagStortinget sidan 1997, og har vore kyrkje-, utdannings- og forskingsminister 2000–2001, kultur- og kyrkjeminister 2005–2009 og nærings- og handelsminister 2009–2013. Frå 2013 til 2017 var han leiar av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, og frå 2017 til januar 2018 første nestleiar i Finanskomiteen. Han har sidan april 2018 vore mediepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet.[1]

Trond Giske var nestleiar i Arbeidarpartiet saman med Hadia Tajik frå 2015 fram til januar 2018. Han trekte seg frå verva sine etter å ha vorte skulda for upassande oppførsel. Han kom attende til vanleg politisk arbeid i Stortinget månaden etter.[2][3]

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Av utdanning er Trond Giske cand.mag. med sosialøkonomi, statsvitskap og juss frå Universitetet i Oslo og NTNU. Han var leiar i Trondheim AUF i 1988, og leiar i Sør-Trøndelag AUF frå 1989 til 1990. I 1996 vart han medlem av sentralstyret i AUF, og der sat han fram til 1996, frå 1992 av som leiar. Frå 1992 til 1996 var han også medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet. Det vart han igjen frå 2000, og sit endå.

Giske blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke i 1997. Frå 1999 av har han vore delegat til generalforsamlinga i FN. Han var også medlem i gruppestyret til Arbeidarpartiet frå 2001 til 2005.

Giske var medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet dei fire åra som AUF-leder og deretter frå 2000. Etter 1992 har Trond Giske i alle år vore ein sentral person i Arbeidarpartiet, og vorte rekna som ein leiande strateg på venstrefløya i partiet. Det byrja med EU-striden i 1990-åra, då Giske stod fram som ein av leiarpersonane på nei-sida i Arbeidarpartiet. Han var styremedlem i Sosialdemokratar mot EU (SME) i 1994.

Mot slutten av 2017 fekk Arbeidarpartiet varsel om upassande oppførsel frå Giske og seksuell trakassering av kvinner over mange år. Varsla fekk stor merksemd i media, og som følgje av varsla trekte Giske seg frå nestleiarvervet 7. januar 2018.

Tilknyting til regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «- Vi har itj råd te å mist han Trond Giske». Dagbladet. 1. mai 2018. Henta 1. mai 2018. 
  2. «Giske: – Det føles viktig å være tilbake i jobb.». Aftenposten. 13. februar 2018. Henta 1. mai 2018. 
  3. «Varsler reagerer på Giske-comeback». Dagbladet. 11. februar 2018. Henta 1. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]