OSI-modellen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
OSI-modellen
7. Applikasjonslaget
6. Presentasjonslaget
5. Sesjonslaget
4. Transportlaget
3. Nettverkslaget
2. Datalinklaget
1. Fysisk lag

OSI-modellen (Open Systems Interconnection Reference Model) er ei lagdelt abstrakt skildring for utvikling av data- og kommunikasjonsprotokollar [1]. OSI-modellen er utvikla med tanke på standardisering av protokollane på dei ulike laga. «Open Systems» (eng: opne system) tyder system som er laga for fri kommunikasjon med andre system. Prinsippa som vart lagt til grunn for denne lagdelinga var følgjande:

  • Eit lag vart laga når eit nytt abstraksjonsnivå var nødvendig.
  • Kvart lag skulle utføre ei klart definert oppgåve.
  • Funksjonaliteten til kvart lag vart vald med tanke på å definere internasjonalt standardiserte protokollar.
  • Grensene mellom laga skulle bli plassert slik at minimalt med informasjon måtte flyttast mellom laga.
  • Talet lag skulle vere stort nok til at heilt ulike funksjonar ikkje måtte plasserast på same lag, og lågt nok til at arkitekturen ikkje vart for komplisert.

Dei ulike laga i OSI-modellen er vist til høgre.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Tanenbaum, A. S., Computer Networks, Prentice Hall, 1996.