Presentasjonslaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Presentasjonslaget er det sjette av dei sju laga i OSI-modellen. Det utfører tenester for applikasjonslaget og nyttar tenestene til sesjonslaget.

Dersom to maskiner som kommuniserer har forskjellig dataformat, kan presentasjonslaget konvertera formata deira til eit felles format. Det er på dette laget at komprimering og de-komprimering skjer, i tillegg til kryptering og de-kryptering.