Obóz Narodowo-Radykalny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Medlemmer av ONR under ein demonstrasjon i Krakow, 14. april 2007

Obóz Narodowo-Radykalny (ONR) er ein høgreradikal polsk organisasjon som òg har etablert seg i Noreg. ONR engasjerer seg mellom anna mot asylmottak og muslimar.[1]

Namnet kan omsetjast med «Den nasjonale radikale leiren». Det moderne ONR oppfattar seg som etterkomarar av det opphavlege ONR, som vart stifta i Polen i 1934.[1]

Organisasjonen vart grunnlagt i 1993 og registrert som foreining i 2003. I Polen reknar ein med at minst 1000 medlemmer og støttespelarar er organiserte i regionale foreiningar.[treng kjelde] Organisasjonen er antisemittisk.[treng kjelde]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Polske ekstremister etablert i Norge, vitja 16. desember 2015, vepsen.no