Hopp til innhald

Oberhausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oberhausen
by
Schloss Oberhausen
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Düsseldorf
Landkreis Kreisfri by
Høgd 25–78 m
Areal 77,09 km²
Folketal 211 099 (31. desember 2023)
Grunnlagd 1862
Postnummer 46001–46149
Retningsnummer 0208
Bilnummer OB
Kart
Oberhausen
51°28′12″N 6°51′05″E / 51.4699°N 6.8514°E / 51.4699; 6.8514
Wikimedia Commons: Oberhausen

Oberhausen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 215 000 innbyggjarar. Byen ligg i Ruhrområdet ved elva Emscher, 35 km sør for Düsseldorf.

Byen er eit resultat av økonomisk vekst på 1800-talet. Her var det landlege område fram til om lag 1860, då kolgruvene opna og produksjon av stål var sett i gang på stor skala. Dette gjorde byen om til det store industrikomplekset ein ser i dag. Fleire landsbyar vart slått i saman i 1862 til den nye byen. I 1929 vart dei nærliggande byane Sterkrade og Osterfeld òg innlemma.

Oberhausen er ein typisk by for Ruhrområdet som har vakse opp rundt industriar og fabrikkar.

I dag prøver byen å fornye seg. I 1990-åra vart det opna eit stort kjøpesenter, CentrO, på området til ein gamal stålfabrikk. Gasometer er ein utstillingshall som er bygd om frå ein tidlegare fabrikkhall. Byen har òg ein årleg kortfilmfestival.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Oberhausen