Oberstdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oberstdorf
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Del av Stimmkreis Lindau, Sonthofen
Areal 229,91 km²
Folketal 9 753 (31. desember 2022)
Kart
Oberstdorf
47°24′35″ N 10°16′45″ E
Wikimedia Commons: Oberstdorf

Oberstdorf er ein by og kommune (tysk Markt) i Oberallgäu i Bayern i Tyskland. Kommunen ligg i dei bayerske Alpane og grensar i sør til Austerrike. Obertsdorf kommune omfattar omfattar 229,9 km² og hyser 9 649 ibuarar (2021). Småbyen Oberstdorf ligg 813 meter over havet.

Oberstdorf er kjent som kurstad og vintersportsstad, og er eit populært utgangspunkt for fjellklatrarar. Med 17 000 gjestesenger og 2,5 millionar overnattingar i året, er Oberstdorf ein av Tysklands turistmagnetar.

I Oberstdorf ligg to internasjonalt kjente hoppbakkar: Schattenberg-bakken, som blir brukt under hoppveka, og ein skiflygingsbakke (Heini Klopfer-bakken) som er den tredje største i verda. Her finn ein blant anna 85 km skiløyper, 20 skiheiser og 44 km med alpinbakker.

Oberstdorf har arrangert verdsmeisterskap på ski i nordiske greiner i såvel 1987, som 2005 og 2021. Noregs troppar vart best i både 2005 og 2021.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oberstdorf