Obiter dictum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Obiter dictum (obiter dicta i fleirtal) er eit latinsk omgrep som direkte omsett betyr «i forbifarta», «tilfeldigvis» (obiter) og «uttale», «fråsegn» (dictum). Omgrepet blir brukt om dei uttalane i ein dom som ikkje har hatt noko å seie for resultatet - altså meir som slengmerknader - særleg frå dommar som kjem frå den øvste domstolen i eit land. Det motsette er ratio decidendi, dei premissane retten har bygd si avgjerd på.

I Noreg har bruken av obiter dicta auka dei siste tiåra, som ei følgje av at Høgsterett i større grad har sett det som si oppgåve å drive med rettsavklaring og rettsutvikling. Slike fråsegner kjem difor oftast når retten ser eit behov for rettsavklaring for framtida i eit spørsmål som er knyter seg til ei sak som er oppe for retten.

Obiter dicta har etter alminneleg rettskjeldelære ikkje den same vekta ved seinare rettshandsaming som ratio decidendi-uttalar, men dei blir likevel ofte gitt vesentleg vekt, særleg dersom dei har vore einstemmige. Ellers vil vekta vere i samsvar med dei alminnelege prinsippa for vekta av dommar i rettskjeldelæra, avhengig av kor gode dei blir vurdert å vere, alder, klarleik osv.