Obninsk
| Obninsk | |||
| Обнинск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Kaluga oblast | ||
| Høgd | 175 m | ||
| Areal | 42,97 km² | ||
| Folketal | 132 477 (1. januar 2024) | ||
| Grunnlagd | 1946 | ||
| • Bystatus | 1956 | ||
| Postnummer | 249030–249040 | ||
| Retningsnummer | (+7) 48439 | ||
![]() Obninsk 55°06′00″N 36°37′00″E / 55.1°N 36.616666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Obninsk | |||
Obninsk (russisk О́бнинск) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 130 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 60 km nord for Kaluga og 100 km sørvest for Moskva, ved jernbanen mellom Moskva og Kiev.
Obninsk er ein av dei største russiske vitskapsbyane. Den første atomreaktoren i verda rekna for storskala produksjon av elektrisitet vart opna her 27. juni 1954 og han fungerte òg som treningsbase for mannskapet på den første atomubåten i Sovjetunionen, «Leninskij Komsomol». Byen Obninsk fekk bystatus to år seinare, i 1956.
I dag ligg det tolv vitskaplege forskningsinstitutt i byen. Dei har sine viktigaste aktivitetar innan kjernefysikk, særskild atomkraft, strålingsteknologi, medisinsk radiologi, samt meteorologi.
Det største største landemerke i Obninsk er det 315 meter høge Obninsk meteorologiske tårn, som vart bygt for å studere spreiinga av stråling frå atomkraftverket.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Obninsk har éin vennskapsby:
Denne byen er òg vorte kjent gjennom kjernefysisk forsking.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Obninsk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.
