Odalstunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Odalstunet er eit museum i Odalen i Hedmark fylke. Museet har både bygningar og saker i Sør-Odal kommune og Nord-Odal kommune. Odalstunet er drive som eit lag som vart stifta i 1948. I tillegg til eit sentralt tun som har bygningar frå gardar og husmannsplassar i Odalen har museet også ansvaret for å ta vare på bygningar på sine opphavlege stader rundt omkring i bygda. Alle bygningar, reiskapar og utstyr har museet fått i gåver. Styrar i dag er Knut Ola Bredesen Storbråten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]