Hopp til innhald

Odd-Bjørn Fure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd-Bjørn Fure
Fødd5. februar 1942
Død22. desember 2022
NasjonalitetNoreg
OmrådeNoreg under andre verdskrigen
Yrkeprofessor, historikar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter
EktefelleJorunn Sem Fure
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Odd-Bjørn Fure (5. februar 194222. desember 2022) var ein norsk historikar og statsvitar frå Stadtlandet. Hovudfag hadde han i samanliknande politikk, men gjekk over til historiefaget med doktorgradsavhandling i 1984 om den norske arbeidarrørsla 1918–1920. Tidlegare hadde han ikkje studert historie.

Etter å ha hatt ei rekkje stillingar, vart Fure professor i moderne historie ved Universitetet i Bergen frå 1998 og fram til 2002 då han starta som forskingsdirektør ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteters stilling («Holocaust-senteret»/«HL-senteret») i Noreg. Fure var spesialist på forsking på folkemord, samt moderne tysk og europeisk historie.

Fure var fram til 2004 redaktør av Historisk Tidsskrift, det tidsskriftet innan forsking på historievitenskap som har mest betydning i Noreg.

I 1997 var Fure med i Irving-debatten mot Hans Fredrik Dahl om kor vidt Holocaust-revisjonisten og nazisympatisøren David Irving sine bøker kunne nyttast som etterrettelege og faglege framstillingar av historia om den andre verdskrig.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Artiklar - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]