Odd Kåre Rabben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Kåre Rabben
Fødd 4. mars 1976
Død

18. februar 1993 (16 år)

Odd Kåre Rabben (4. mars 197618. februar 1993) vart kjend som ein av dei fyrste i Noreg som stod offentleg fram som HIV-positiv etter at han hadde blitt smitta gjennom eit infisert blodprodukt som han trong fordi han hadde hemofili (blødarsjuke).

Rabben hadde tre eldre brør og to av dei var også blødarar akkurat som Odd Kåre. Det fanst ingen medisinar mot HIV/AIDS på denne tida. Odd Kåre Rabben blei diagnostisert med HIV i mai 1985, og i september 1989 hadde han fullt utvikla AIDS. Den 18. september 1990 stod Rabben offentleg fram som HIV-positiv. På denne tida blei HIV/AIDS vanlegvis forbunde med homofili, og var ei tabubelagt liding.

6. februar 1992 blei Odd Kåre Rabben invitert på vitjing til kongen og dronninga på Slottet. Rabben sat også i ein jury som plukka ut den norske Melodi Grand Prix-melodien i 1992. Rabben døydde før han rakk å fylle sytten år. Før han døydde, spelte Rabben inn ein kassett med songar og han var med på å opprette Odd Kåres støttefond til HIV-forskning på Rikshospitalet som alle inntektene frå kassetten gjekk til. Mor hans, Vigdis Rabben, gav seinare ut boka Ei hand å holde i om sonens liv og hans kamp mot HIV og AIDS. Boka blei publisert på Lunde forlag.