Oddvar Isene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddvar Isene
Oddvar Isene.jpg
Fødd 1944
Eid
Yrke lærar, skribent

Oddvar Isene (fødd 1944) er ein norsk adjunkt. Han er oppvaksen på Stårheim i Eid kommune. Isene er utdanna lærar og adjunkt med hovudvekt på norsk og historie. Han har undervist i grunnskule og vidaregåande skule, og dei siste 30 åra jobba han som skuleleiar i ulike kommunar: I Strand kommune var han lærar 1972-1978 og pedagogisk konsulent 1978-1979, i Flora kommune 1980-1987, som pedagogisk konsulent og delvis fungerande skulesjef, i Naustdal kommune 1988-1998, som skule- og kultursjef og i Siljan kommune 1999-2009 som kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Ved sida av har han vore aktiv som frilandsjournalist og redaktør: i Stavanger Aftenblad 1973-1979, i lokalavisa "Strandbuen" i Ryfylke, i kulturmagasinet "Sogn og Fjordane Magasin" 1988-1989.

Isene var prosjektleiar for etablering av det nasjonale "Nettverket Historiske Spel" 2007-2009, med støtte frå Norsk kulturråd.

Oddvar Isene er pensjonist og bur i Florø. Han er aktiv som frilans, særleg innan kulturjournalistikk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]