Odlezelské jezero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odlezelské jezero
innsjø
Nordenden av innsjøen
Land  Tsjekkia
Tilsig Mladotický, Odlezelský
Høgd over havet 413 moh.
Lengd 0,5 km
Breidd 0,1 km
Areal 0,045 km²
Største djupn 6,7 m
Koordinatar 50°00′58″N 13°22′23″E / 50.01611°N 13.37306°E / 50.01611; 13.37306
Kart
Odlezelské jezero
50°00′58″N 13°22′23″E / 50.016111111111°N 13.373055555556°E / 50.016111111111; 13.373055555556
Plassering i Tsjekkia
Plassering i Tsjekkia
Plassering i Tsjekkia
Wikimedia Commons: Odlezly Lake

Odlezelské jezero, eller stundom Mladotické- eller Potvorovské-, er den yngste innsjøen i Tsjekkia. Innsjøen og det omliggande området er eit verna naturområde.

Innsjøen ligg nær den vesle landsbyen Odlezly, som er styrt av landsbyen Žihle, i nærleiken av åsen Potvorovský (546 m). To småelvar renn ut i innsjøen: Mladotický og Odlezelský.

25.-26. mai 1872 skapte kraftig regn flaum i Mladotický. Natt til 28. mai raste jordlaga på vestsida av åsen ut og blokkerte elva, og innsjøen vart danna. Flaumen var ikkje den einaste årsaka til jordraset. Mellom anna hadde eit sandsteinbrot i fleire hundreåre destabilisert åssida, i tillegg til den nyleg oppretta jernbanelinja PlzeňŽatec. Jordraset øydela jernbanen, som seinare vart bygd opp at på den andre sida av dalen.

Innsjøen har eit areal på 4,5 hektar, ei lengd på rundt 500 meter og ei breidd mellom 70 og 100 meter. Overflata ligg 413 meter over havet. I 1972 var innsjøen 7,7 meter djup, og i 1999 berre 6,7 meter. Elva fører stadig med seg avleiringar som gradvis fyller igjen innsjøen, og om dette held fram vil innsjøen forsvinne i løpet av forholdsvis kort tid.

I 1975 vart innsjøen og dei omliggande områda erklært eit verna naturområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]