Oka ved Angara
Hopp til navigering
Hopp til søk
Oka | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 34 000 km² | ||
Lengd | 630 km | ||
Middelvassføring | 274 m³/s | ||
Munning | Angara | ||
![]() Oka ved Angara | |||
Wikimedia Commons: Oka River (Siberia) | |||
Oka (russisk Ока) er ei elv i Aust-Sibir i republikken Burjatia og Irkutsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Angara frå venstre. Elva er 630 km lang med eit nedslagsfelt på 34 000 km². Ho spring ut frå dei austlege Sajanfjella lengst vest i Burjatia og renn inn i Irkutsk oblast på veg nordover. Ho munnar ut i Bratsk-reservoaret i Angara. Middelvassføringa hennar her er 274 m³/sek.
Oka er ei populær elv for rafting.
Dei største sideelvane hennar er Sentsa og Zjombolok.
Av buesetnader langs elva finn ein Zima, Orlik og Sajansk
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ока (приток Ангары)» frå Wikipedia på russisk, den 22. oktober 2008.