Hopp til innhald

Oktogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein modell av eit oktogen-molekyl

Oktogen, òg kalla HMX, er eit svært kraftig sprengstoff. Det er eit syklotetrametylentetranitramin med kjemisk formel C4H8N8O8. Det er det kraftigaste sprengstoffet som blir framstilti industriell skala.[1]

Sprengstoffet har ein detonasjonsfart på 9100 meter/sek.

Oktogen vart første gong laga i 1930. I 1949 vart det oppdaga at oktogen kan lagast ved såkalla nitrolyse av heksogen. I denne prosessen vert heksogen oppløyst  i 55 % salpetersyre, og vert deretter plassert over eit vassdamp-bad i 6 timar.

Framstilling

[endre | endre wikiteksten]

Oktogen er eit av dei vanskelegaste sprengstoffa å produsere. Det oppstår som eit biprodukt av heksogenproduksjonen. Det kan framstillast ved å nitrera heksametylentetramin i konsentrert salpetersyre, tilsett eddiksyre-anhydrid (acetic anhydride), paraformaldehyd eller ammoniumnitrat. Heksogen som vert produsert med den såkalte Bachmann-prosessen, inneheld ca. 8-10 % oktogen.

Oktogen vert stort sett brukt berre til militære føremål, og som detonator i atomvåpen for å komprimera plutonium og uran til kritisk masse. Det vert òg brukt til såkalt retningsbestemte sprengladningar (holladninger), og i blandingar med trinitrotoluen (TNT).

  • Urbanski, Tadeusz. Chemistry and Technology of Explosives. Vol. III., Warszawa: Polish Scientific Publishers, 1967
  • Cooper, Paul W., Explosives Engineering, New York: Wiley-VCH, 1996. ISBN 0-471-18636-8