Ola Byrknes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola Byrknes (fødd 4. april 1933) er ein tidlegare senterpartipolitikar og ordførar frå Byrknesøy i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Byrknes er utdanna bonde.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Byrknes vart medlem av Gulen kommunestyre i 1972. Frå 1973 til 1977 var Byrknes 2. vararepresentant på Stortinget for Sogn og Fjordane Sp. Han var medlem av Sogn og Fjordane fylkesting 1976 - 1980. Frå 1975 - 1995 vart han styremedlem i Fylkesbåtane, og frå 1991-95, styreleiar.

Byrknes etterfølgde Harald Takle som ordførar i Gulen frå 1976 til 1978. Olav Solheim tok over etter Byrknes, men Byrknes vart attvald i 1983 og beheldt stillinga heilt fram til 1999, då noverande ordførar Trude Brosvik tok over.

Han arbeidde aktivt for at Gulen kommune skulle få arbeidsplassar knytt til oljehamna på Mongstad, og var styreleiar frå skipinga av Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap frå 1994 til 2001. Ei tid var han også dagleg leiar.

Byrknes var elles lokallagsformann i Senterpartiet i mange år, medlem av fylkesstyret i Sp, og styremedlem i fylkesavdelinga av Kommunenes Sentralforbund. Byrknes tok òg initiativ til bygging av verksemda Sognefisk AS på Byrknes i 1978, og var styreleiar i denne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]