Ola Erdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Erdal
Fødd 1874
Død

1970 (96 år)

Ola Erdal (18741970) var bonde, pelsdyroppdrettar og lokalpolitikar. Han var fødd på garden Erdal i Vartdal kommune, seinare Ørsta, på Sunnmøre. Han var vide kjend for iderikdomen og nyvinningane sine. Han bygde sit eige kraftverk, som stod ferdig i 1910. Verket ytte 33 kW (45 hk).

Ole Erdal var ein pioner i oppdrett av sølvrev. I 1916 kjøpte han eit par revekvelpar frå Nord-Amerika for 15 000 kroner, saman med to andre. Etter mykje motgang, tente han etter kvart gode pengar. Han var eit år i Canada og studerte pelsdyrnæringa der. I kvart av dei støypte revehusa, som var gravne inn i bakken, var det springvatn, og elektrisk lys og varme. Det var og innlagd telefon, slik at Erdal kunne lytte på forholda i revegarden. Mange på bygdene kringom lærde av han. Reveavl vart ei viktig næring på Sunnmøre i mellomkrigstida.

Ole Erdal sat i Vartdal komunestyre i åra 1908-1952. Han var ordførar 1923-1925.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Arnljot Løseth: "Noko heilt for seg sjølv" i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000
  • Gunnar Ellingsen:Kraft til vekst. Ørsta Elverk 1915-1990