Olaf Lindtorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaf Lindtorp
Fødd 14. oktober 1877
Død

1953 (75 år)

Olaf Daniel Olsson Lindtorp (14. oktober 18771953) var ein norsk folkeminnesamlar frå Grue Finnskog i Hedmark.

Lindtorp, som var son til ein sjølveigarbonde i Grue, gjekk underoffisersskule i Fredrikshald. I 1910 var han gardsstyrar hos ei enke i heimbygda. Gjennom mangeårig innsamling av munnleg tradisjon og frå andre kjelder gav han i 1940 ut Finnskogens folk. I tida 1946-54 kom tre samlingar kalla Fra Finnskogene i Solør og Vermland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]