Olav Midttun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Midttun
Olav Midttun.jpg
Fødd 8. april 1883
Død

5. januar 1972

Yrke språkforskar, redaktør, biograf

Olav Midttun, (fødd 8. april 1883 i Mauranger, død 5. januar 1972 i Bærum) var riksprogramsjef i NRK i tidsromma 1934–1940 og 1945–1947 og professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo 1940–1945 og 1947–1953.

Riksprogramsjef[endre | endre wikiteksten]

Olav Midttun er truleg mest kjend for å ha vore den fyrste riksprogramsjefen i NRK. Han var riksprogramsjef frå 1. januar 1934 til han vart avsett av NS den 28. september 1940. Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart Middtun innsett igjen i stillinga, men gjekk av i 1947. Året etter vart det innførd ny administrasjonsordning i NRK. Som riksprogramsjef passa han på å få inn norsk musikk, og av og til nokre føredrag på nynorsk. Han fekk Melsom-prisen i 1961.

Midttun var ein kulturperson med røter i frilynt målnasjonalisme i 1890-åra. I 1905 var han republikanar og formann for Studentmållaget i Oslo. Frå 1908 til 1960 var Midttun redaktør for tidsskriftet Syn og Segn. I tillegg hadde han ei rad andre tillitsverv.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Almenningen, Hoel, Pilskog og Tangen: Studentar i målstrid : Studentmållaget i Oslo 1900-2000, Oslo 2003. ISBN 82-521-5698-3
  • Dahl, Hans Fredrik: Hallo-Hallo! : kringkastingen i Norge 1920-1940, Oslo 1999. ISBN 82-02-18478-9
  • Gram, Harald og Steenstrup, Bjørn: Hvem er hvem? 1955, Oslo 1955.
  • Midttun, Olav: Livsminne, Oslo 1971.
  • Midttun, Olav: Mål og menn: utgreidingar og livsskildringar , Oslo 1968.
  • Midttun, Olav med fleire: Studentmållaget 50 år : 1900 - 30. oktober - 1950., Oslo 1952.