Olav Randen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Randen
Fødd 25. april 1948
Ål
Yrke journalist, skribent

Olav Randen (fødd 25. april 1948 i Ål i Hallingdal) er ein norsk skribent, forfattar, forleggjar, geitebonde og samfunnsdebattant.

Randen er utdanna sosiolog med etnologi og folkeminnevitskap i fagkrinsen. Han vart mag.art. ved Universitetet i Oslo (1972). Sidan har han mellom anna arbeidd som forskingsstipendiat, vikarlærar og journalist. Frå 1982 har han vore småbrukar, og drive med geit og sau på Ellingsgard i Ål.

I 1997 oppretta han Boksmia forlag, med kontor og boklager i låven på eigen gard – og ifølgje eigenomtalen «Nord-Europas høgastliggjande forlag (850 moh)». Fram til 2007 hadde forlaget gjeve ut 23 bøker, og av dei var 16 på nynorsk. Sjølv har Randen skrive bøker om språk, golf, bureising og landbruk. Med Farvel til språkmangfaldet (1997) var han den første som på norsk gav eit breitt oversyn over språksituasjonen i heile Europa.

Randen var leiar i Noregs Mållag i perioden 1994–1997.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1994 – Norsk i EU. Ei gransking av kva følgjer ei norsk tilslutning til EØS og EU kan få for norsk skriftspråk og talemål (Oslo: Noregs Mållag).
  • 1997 – Farvel til språkmangfaldet (Ål: Boksmia).
  • 1999 – Golfballar kan ikkje etast (Ål: Boksmia).
  • 2002 – Brøyte seg rydning. Bureisingstid og bureisarliv (Ål: Boksmia).
  • 2004 – Kampen om maten (Ål: Boksmia. Redaktør, saman med Aksel Nærstad).
  • 2006 – I steinbu og snaufjell i øvre Hallingdal (Ål: Boksmia. Med foto av Bård Svardal).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]