Oldereid kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°7′45.98″N 14°57′19.8″E

Oldereid kraftverk
Foto: PeltonMan

Oldereid kraftverk er eit vasskraftverk i Misvær i Bodø kommune i Nordland.

Kraftverket nyttar fallet på 321 meter frå reguleringsmagasinet Børnupen. Vatnet er regulert mellom 320 og 308 moh. Det vert òg overført vatn frå Gjømmervatn og Mangevatn. Gjømmervatn er regulert mellom 398 og 389 moh. Mangevatn er regulert mellom 472 og 465 moh.

Samla effekt er 12 MW og middels årsproduksjon er på 53 GWh. Samla nedslagsfelt er på 50 km2

Kraftverket er eigd av Salten kraftsamband og starta produksjonen i 1953.

Eigar har fått konsesjon til ytterlegare utbygging og vatna Tindvatn og Lurfjellskavlen vil blir overført til kraftverket. Det skal òg byggast ein kraftstasjon ved Svartevatn som vil bruke eksisterande overføringstunnel som vasskjelde. Utbygginga er forventa å gje 14 GWh i auka årsproduksjon.

Kraftverket vart bygd for å gje straum til Bodø, og bygginga gjorde òg at folk i nærområdet fekk straum. Kraftverket erstatta 6 mindre elvekraftverk i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]