Olderfjorden i Vågan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Olderfjorden er ein fjord på vestsida av Austvågøy i Vågan kommune i Lofoten. Fjorden strekkjer seg 6,5 km austover til Finnstranda.

Fjorden har innløp mellom Sandøya i nord og Leineset i sør. Den ytre delen av fjorden ligg på sørsida av øyane Sandøya, Storøya og Buøya. Innanfor desse kryssar E10 fjorden. Grenda Olderfjorden ligg på nordsida av fjorden like innanfor brua.