Oldsjön

Koordinatar: 63°44′59″N 13°32′25″E / 63.74985°N 13.54035°E / 63.74985; 13.54035
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Övre Oldsjön, kraftverksdammen og Storrun vindpark
Mjölkvattsfjället i oktober sett frå søraust. I føregrunnen ser ein Övre Oldsjön

Övre Oldsjön og Yttre Oldsjön er to innsjøar i den nordlege delen av Offerdals sokn i Krokom kommun i Jämtland i Sverige. Övre Oldsjön ligg i Oldfjällen, ved fjellet Oldklumpen. Långans kjeldeelvar, Långsån, Oldån og Fisklösån, går saman i Yttre Oldsjön. Begge innsjøane vert drenert av Långan, som etter utløpet frå Yttre Oldsjön renn gjennom innsjøane Rönnösjön og Landösjön, og vidare til Indalsälven.

Ved innsjøane har det sidan 1971–75 vore eit vasskraftverk med to aggregat. Oldåaggregatet utnyttar fallhøgda mellom Övre Oldsjön og Yttre Oldsjön, som er ca. 260 meter, medan Långsåaggregatet utnyttar fallhøgda mellom Övre Lilla Mjölkvattnet og Yttre Oldsjön, som er ca. 200 meter. Kraftstasjonen er underjordisk, og ligg ved Övre Oldsjöns utløp. Kraftverket er eigd av Statkraft.

På fjellet Storrun ved Övre Oldsjön har det sidan 2009 vore ein vindmøllepark beståande av tolv vindturbinar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

63°44′59″N 13°32′25″E / 63.74985°N 13.54035°E / 63.74985; 13.54035